Kva – om hjelpa kjem for seint?

Kva – om hjelpa kjem for seint?

Dagens skader i Telemark:
I dag har vi hatt 4 skader. Ingen amk-oppdrag i dag. Dagens tall setter oss nest øverst på skadetabellen i distriktene som Røde Kors har aktiv påskevakt. Rogaland Røde Kors har behandlet 22 skader totalt, Telemark 16 og Hedmark Røde Kors har 12 skader meldt inn.

Å få hjelp i ein nødssituasjon utanfor allfarveg, i terreng eller langt til fjells er ikkje like einstydande med at hjelpa kjem raskt fram. I ein slik situasjon legg storsamfunnet sin lit til at frivillige ressursar kan bistå det offentlege med ein rask og vellykka redningsaksjon.

Leserinnlegget er skrevet av: Tor Åge Dale

Noreg er eit av få land i verden som har ein redningsorganisasjon der ein er avhengig av innsatsen frå frivillige organisasjonar i forbindelse med søk og redning.

Gode tilbakemeldingar er drivkrafta for mange av dei som trår til når storsamfunnet ber om hjelp. Personane som dei ulike frivillige organisasjonar har i sine rekkjer, er vanlege folk med vanlege jobbar som står opp kl 2 om natta eller avsluttar søndagsmiddagen for å hjelpe deg. Dette er personar som ikkje får noko form for personleg økonomisk kompensasjon for å stille med eige utstyr eller tar fri, utan lønn, frå jobben sin for å hjelpe deg. 

Min motivasjon og lønn for å gjera ein frivillig innsats, er gleda av å vita at det eg gjorde redda nokon og det å sjå gleda og takksamheten i augo til den som fekk hjelp.

Vi ser ein trend der byråkratiet veks og seindrektighet frå vedtaksføre myndigheiter es ut og politi og forvaltarar krev store mengder dokumentasjon frå oss frivillige. Lovgivande myndigheiter trenerer svar på skriftlege henvendingar og det innføres endringar som ikkje vert informert om til oss før forvaltningsmyndigheita legg dei med som vedlegg i sitt vedtak til oss.

Når motgang frå myndigheiter og byråkrati drep gleda og motivasjonen til dei frivillige… Kva då?

Me må ta hensyn til natur, og då særskilt den sårbare naturen me har mange stadar. I Vinje er det fem villreinområde og me har stor forståing for at desse områda må tas vare på. Nærleiken til natur, og gleda over å ferdast i naturen er noko dei fleste av dei frivillige har som sin store lidenskap. Denne lidenskapen tilfører redningstenesta ein eineståande kompetanse. For at dei frivillige skal kunne yte sitt beste for å hjelpe deg, og for å oppretthalde sin spisskompetanse på nettopp søk og redning når vær, føre og terreng krev deira kompetanse. Denne spisskompetansen må ha påfyll for å løyse oppgåver der storsamfunnet treng deira hjelp.

For å kunne ivareta dei frivillige sin eigen sikkerheit, så er ein avhengig av velvilje frå styrande myndigheiter og forvaltningsmyndigheiter.

Mitt lokale hjelpekorps, Vinje/Haukeli Røde Kors, ser at verdifull kompetanse forsvinn på grunn av den offentlege forvaltninga og styrande myndigheiter sine handlingar, eller mangel på handlingar. For kvar person som forsvinn ut av mannskapslistene til vårt lokale hjelpekorps, så mistar me viktig kompetanse. Kompetanse som me er avhengige av å kunne dra nytte av for å bistå storsamfunnet med deira behov. Dette er kompetanse som me ikkje greier å rekruttere erstatning for. 

Kven har ansvaret for å finne gut på 12 år som ikkje kom heim frå fisketur?

Kven har ansvaret for å hente dame på 35 som ligg ute i terrenget med knekt fot?

Kven har ansvaret for å finne dement mann på 78, som er savna frå pleieinstitusjonen?

Kven har ansvaret for å prøve å redde familien på 5 som var tatt av snøskred? 

Svaret på desse fire eksempla er, dei offentlege styrande myndigheitene. Gjennom Hovudredningsentralen og Akuttmedisinsk akuttsentral, med sine underetatar. Kven har ansvaret når utfallet av leiteaksjonar og oppdrag på fjellet blir at liv går tapt, på grunn av at dei frivillige ikkje stilte opp?

Hjelpekorpset på plass for å hjelpe en uheldig slalomkjører.

Eg meiner det er styrande myndigheiter og politikare, som i tråd av sitt embete kan bidra til ei positiv utvikling av den frivillige redningstenesta i Noreg.

Kvifor kan ikkje politiet få myndigheit til å tillate naudsynte øvingar og kjentmannsturar over heile landet? Dette er då planlagde øvingar og turar etter planlagde ruter, der ein tek særskilt hensyn til sårbare vilt-artar. Politiet har heimel direkte i lov til å tillate motorferdsel over alt dersom det skjer under ein aksjon.

Kvifor kan ikkje frivillige redningsorganisasjonar få nytte løyper som allereie vert oppkøyrd med motorisert reiskap til førebygging og trygging for folk som ferdast her. Burde ikkje dette vera opp til dei som har tilrettelagt for denne type friluftsaktivitet om dei ynskjer denne gratis tenesta eller ikkje. 

Me treng meir enn flotte taler og store ord. Me treng støtte og eit system som legg til rette for å redde folk som treng naudsynt hjelp.  

Så spørsmålet er framleis:              Kva – om hjelpa kjem for seint?

Skiven av Tor-Åge Dale, nestleiar Distriktsråd Hjelpekorps